Draumen om ny bustad - En av de raskest voksende huskjedene i Norge | Norhus

Draumen om ny bustad

Har du ein draum om å flytte inn i ein splitter ny bustad? Teikna og tilpassa etter eigne ynskjer og behov?
Det finst som kjent mange veiar til Rom. Men vel du rett samarbeidspartnar blir både turen og målet ein positiv opplevelse for livet.

For det er spannande å byggje nytt hus. Du drøyme, tenkjer, diskuterer og teiknar. Det er mange ting å tenkje på og for dei fleste er husdraumen ei investering for livet. Difor er det viktig å reise mot draumen med nokon som har vore der mange gongar før, som veit kva som trengst og samtidig gir deg rom og fleksibilitet med gode råd undervegs.

Vi tok ein prat med ei familie der valet falt på Norhus, og slik starta reisa mot draumehuset i Volda. Byggjefeltet dei budde i var perfekt for familia på fem, og når tomta rett ved blei regulert til bustadformål var dei raskt ute for å sikre seg beliggenheita.

– Norhus hadde kjøpt ein eigedom som blei regulert om til fleire bustadtomter i området like ved rekkehuset vi budde i. Så då kjøpte vi tomt av dei og starta samtidig prosessen med å finne det huset vi ynskja, fortel ekteparet som flytta inn i bustaden like før påske i år.

Stor friheit
Ulike hustype blei vurdert frå utvalet til Norhus. Familia hadde ein del preferansar for korleis dei ynskja utforming og planløysing.

– Det skulle enten være veldig moderne eller hundre år gammalt, sånn stilmessig. Det blei nokre møter med salsansvarlig Vidar Loe i Norhus og vi fekk blant anna presentert ein moderne hustype som var oppført i Ulsteinvik, fortel dei.

Ekteparet falt for hustypen Opera og Vista, og bestemte seg for å bruke desse som utgangspunkt for kva dei ville byggje. Det blei starten på eit svært positivt samarbeid med husleverandøren der dei fekk stor friheit frå innerst til ytterst.

– Vi hadde nokre runde for å finne løysningar som passa både våre ynskjer og potensialet som låg i bustadtomta. Opprinnelig hadde hustypen integrert garasje, men då måtte det gravast såpass djupt at det gjekk utover andre løysningar som vi ynskja. Så då teikna vi det om sjølve med frittståande garasje, seier dei med eit glimt i auget.

Etter fleire møte med Loe blei dei einge om romløysingar, flytting av veggar og ulike byggjematerial i huset.

– Det var éin ting som var viktig for oss, og det var å få ei hagestove. Vi var opptatt av at det skulle bli moglegheit for å lage det litt frodig, med klatreplanter, moglegheit for hengekøyer og slike ting; litt meir bohemsk enn sterilt, fortel dei.

Løysninga blei ein nydeleg takterrasse med stilfullt overbygg og ei utsikt du sjeldan ser maken til. I tillegg fekk familia laga til uteområde med terrasse rett ut frå kjøkkenet og ein mindre plen omgitt av brostein og blomsterbed.

Samarbeid på alle plan
Familia ser tilbake på prosessen som ein positiv opplevelse. Norhus ga dei mange molegheiter til å få ting slik dei ynskja og dialogen var god heile vegen. Dei er tilfredse med Norhus sine samarbeidspartnarar og opplevde det lettvint å kunne forhalde seg kunn til sin byggjeleiar og ikkje å måtte koordinere dei ulike faga sjølve.

– Samtidig var det også lagt opp slik at vi kunne ha dialog med dei ulike samarbeidspartnerane i forhold til val av fliser, trapp, kjøkkeninnreiing, fargar og golv, fortel dei.

Huset har to fulle etasjer med eit mindre påbygg på toppen i tillegg til takterrasse. Det har to bad, kjøkken fra Sigdal og trapp levert av Stryntrappa mellom etasjene. Det er åpen løysing mellom kjøkken og stove, men samtidig inndelt i ulike sonar. Slik kan man sitte å sjå på TV utan å ha utsikt mot oppvasken, og motsatt. Du kan lage mat på kjøkkenet uten å bli forstyrra av det som foregår i stove og utforminga på kjøkkenet gjer romet ideelt for både mat, lekser og sosiale samenkomstar.

– Vi kan kalle huset for “Opera spesial” sidan det blei teikna såpass mykje om for å imøtekomme kundens behov og tomta det står på, fortel Loe.

– Uansett løysing er Opera eit moderne hus med mykje luft og lys. Ein flott familiebustad i godt design, fortsetter salsleiaren.

Eigarane av huset hadde eit ynskje om å mjuke opp det minimalistiske uttrykket som ofte pregar moderne hus. Dette gjorde dei ved val av tregolv, kjøkkenfrontar i tre og ulike løysingar for belysning.

I tillegg til einebustad byggjer Norhus også fleirmannsbustadar og hytter. På nettside finn du bustadar som er til sal no og bustadar som kjem for sal i tida framover. Hus- og hyttekatalogen kan bestillast via nett og inneheld 2 hus-modellar og 21 ulike hyttemodellar samt mange modellar av fleirmannsbustadar. Desse er inndelt i forskjellige kategoriar etter design og stilartar.

Les meir om Opera og Uni+modellene her

Slik beskrivast «Opera» av oss: Bustaden har fleire moglege planløysinger innanfor same modell. Denne modellen har 4-5 soverom, innvendig bod, eit luftig walk-in closet og bad i kvar etasje. Bustaden har enkel ankomst via garasje med muligheit for å gå tørrskodd inn. Den har stor og flott delvis overbygd terrasseplass over garasja med bod i bakkant for alle hagemøbler og puter når regn- og ruskevær sett inn. Terrassen er direkte utanfor kjøkkenet slik at den dagleg kan brukast på ein enkel måte når sola snik seg fram her på Vestlandet. Bustaden har også ekstra stove i 1. etasje, med skyvedør rett ut mot hagen.

NORHUS ØRSTA – Tekst og foto RUNAR ANDERSEN 

til toppen