Salsuksess på nytt bustadfelt i Volda

Salsuksess på nytt bustadfelt i Volda

Moderne firemannsbustad i kjend Norhus stil. Leilegheitene har flott utsikt mot Rotevatnet og den vakre naturen i Volda. Kort avstand til butikkar, post , skule og barnehage. Dette er moderne og nye heimar med Sigdal kjøken og sentralstøvsugar som standard, prosjektert for energiøkonomisk buglede etter nye byggeføreskrifter. Her vil du kunne nyte det gode liv, både sommar og vinter.

Nærmiljø

Med flott utsikt mot Rotevatnet sentrum og fjorden, er denne bustaden sentralt plassert. Eit steinkast unna ligg skular, barnehage og busstopp. Med Eiksundsambandet tek det kort tid å kjøre til Ulsteinvik. Dette bustadområdet har ei unik plassering med sol til langt utpå kvelden. Området byr på vakker natur. Du og dine vil få vakre omgjevnadar, med gode høve for eit fantastisk friluftsliv.

Finansiering

Ta kontakt for oppsett av finansieringsplan for den aktuelle bustaden.

Generelle forhold

Planløysinga er ei vidareutvikling frå dei prisvinnande bustadane på Prestegardsmarka i Ørsta. Alle bustadane er tilrettelagt for livsløpsstandard, som gir enkel tilkomst også for bevegeingshemma. Kvar bustad inneheld stor stove/kjøken, 2 soverom, bad, romslege gangar og 1 innvendig bod. For dei av våre kundar som ikkje har tid/anledning til å gjere eigeninnsats er det tilgjengeleg innredningspakkar. Ta kontakt for tilsending av prospekt med prisar.